18. jan. 2009
Nytt år
Sidan eg er litt treg av meg, så kjem nyttårsoppdateringa i midten av januar... Men, men, eller som dei seier i Japan "Sho ga nai" (ikkje noko å gjer med det).
Nyttår her er, som jula heime, ein familieting. Då bruker dei tid med familien, et nyttårsmat, og besøker tempelet. Og forresten, fyrverkeri er ein sommerting...
Så kva skal ein stakkars ettåring gjer? Svar: Reise på nyttårsbesøk! Eg, Rut Therese og Ivan reiste den "lange" veien til Hanan, litt sør for Osaka, for å besøke Odd Bjarne (tok bare ca 1,5-2t med tog. relativt passe tid her). Åt god mat, og gjekk litt turer.
Fra venstre:Ivan, Rut Therese og Odd Bjarne
Herligt å gå tur ved sjøen. ikkje muligt der eg bur... Blåste veldig òg:)
31. des. 2008
Før jul fant dei ut at taket på huset mitt var dårleg og trengde oppussing, så dei satte i gang med å rive opp taket mitt. Dei starta sånn i halv 8-tia, men for ein stakkars ettåring som for det meste har kveldsarbeid, så var dette tidligt nok.
Eg har høyrt at når dei fjerna takplatene, så datt bare resten saman... Var nok på tide å fikse opp litt her,ja. Eg har visst òg hatt ein liten leigebuar. Ein ilder hadde visstnok tatt bolig under taket mitt, men eg har ikkje høyrt noko til han sidan dei vart ferdige, så han har nok flytta nå.
Ellers må eg bare sei att dei var forhaldsvis effektive, desse arbeidarane. Eg var bare utan tak i 4 dager. På grunn av mangel på isolasjon, kan eg sei det at eg kjende ikkje noko forskjell på varmen inne i huset når taket var av. Takk til den som fann opp varmeovner:)
Her er taket mitt
17. des. 2008
Miyajima
Hiroshima
3. des. 2008
Haustfarger
24. nov. 2008
Kid's Club
10. nov. 2008
Rokko barnefestival
I det siste virker det som om det er festivaler eller basarer over alt her. I løpet av oktober/november har eg vore på basar både i Mukonoso, der eg bur, og i Tezukayama, der PG bur. Eg har vore på skulefestivalane til Kangaku og Seiwadai, og nå til slutt på Rokko barnefestival (som vart ein blanding av japansk basar, og festival...)
I Rokko teikna eg portrett (japansk: nigaoe), og "hjalp" til med matsalg sånn på si... I utgangspunktet skulle eg teikne ungane, men det vart litt vaksne og... Mot slutten var eg omringa av ein skokk med ungar som ville sjå på når eg teikna.
Det kom ganske mange innom, både til gudstenesten først, programmet som ungane hadde, og folk som bare stoppa for å få seg litt mat. Ungar og vaksne koste seg, trass i kulda (ein god del av oss stod ute, og orda "samui desu ne" vart godt brukt. Kaldt, ikkje sant.) Ein flott dag med masse kjekt.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
