18. juli 2009

Nå har eg vore tilbake i Norge i ei veke, men ligg litt etter her på bloggen. Ville legge ut bilder frå ein tur eg hadde med maleklassen min rett før eg reiste. Me var 17stk som reiste. E var deffinitivt den yngste (trur ikkje det var nokon under 50 der utanom reiselederen), og ingen utanom læraren kunne noko engelsk! Må ha sett ganske merkelig ut:) Ein gjeng med japanere litt oppi åra, å så ei ung, lys jente frå vesten:) Me såg på malte papirskyvedører i eit tempel, og når me kom til ryokanen der me skulle overnatte (japansk type hotell), malte me litt. Eller åt me masse god mat, og bada i varm kilde. Dagen etter var å såg på Hanashobu. Det styrtregna, men blomstene var fine i regnet. Alle passa godt på meg, og det var veldig kjekk tur. Kan annbefale å reise på tur med japanere;)

Ingen kommentarer: