2. juni 2009

Dåp

På sundag hadde me på Mukonoso gleden av å få tre nye medlemmer. Det er den første dåpen eg har vore med på her i Japan, og det var ein stor ting å få oppleva dette mens eg var her:)

1. juni 2009

Opptaksprøve

Etter at eg kjem tilbake til Norge har eg lyst til å studera kunst på ein eller annen måte. Med dette i tankene har eg sendt inn søknad til Kunstskolen i Rogaland, og har holdt på å lage opptaksoppgavene. På grunn av dette har eg hatt minimalt med fritid, men nå er alt sendt (glemte å ta med karakterane frå Norge, så dei måtte ettersendast...). Her kan alle få sjå resultatet av mine mange timer med arbeid. To foto. Har photoshoppa litt her. Manga. Ikkje akkurat proff ennå... Suibokuga. Japansk maleteknikk eg har lært her. Laga ein mykje finere veka etter eg hadde sendt dette:( Ellers sendt eg og inn ein blyantteikning av lillesøstera mi, men eg glemte å ta bilde...