1. apr. 2009

Sumo

Her borte blir det bare meir og meir travelt, men innimellom har eg likevel tid til å få med meg både det eine og det andre av lokale skikker og merkverdigheter. Denne gongen var det sumobryting som stod på lista over serverdigheter. Det å gå på sumokamp er absolutt noko som bør opplevast viss du oppheld deg i Japan over lengre tid, men det er kanskje ikkje nødvendig å vera der frå begynnelsen av... Det held på frå 12-6, og dette er nok litt i lengste laget. Fyrst er det dei ikkje fullt så gode, å så blir dei betre og betre etter kvart, med mesterane på slutten. Det vart meir folk etter kvart, men det er ein del som kjem frå begynnelsen av. Dei dyraste plassene er heilt framerst, og var alle fylde mot slutten (kunne aldri tenkt meg å sitta der. Tenk om du er så uheldig å få ein 200kg tung mann på deg! Då hadde det ikkje vore mykje igjen av lille Astrid!!) Men forbausande populær sitteplass... Det var òg ein stor flokk stod utanfor og venta på sumo-san:) Følte meg nesten som ei filmstjerne når eg kom, med folk ståande på begge sider som knipsa bilder. Kjendiser desse her... Sumofolk har visstnok også veldig pene koner... Sponsorar Den eine mesteren. Tauet med desse papirstrimlene på er noko ein kan sjå rundt tre og steiner av og til. Markerer hellige ting på shinto-vis. Det var dei to toppbryterane som hadde dette, og fekk meg litt til å tenke på trestubber... Han her var skikkelig sumo-fan. Kunne ikkje sitte stille, men gjekk rundt og heia som bare ein menn frå kansai kan. Høgrøysta...