28. sep. 2008

Hjelp! MONSTER!

Onsdagskveld, mens eg laga middag, fekk eg uønska husbesøk. Lokalt heiter denne gjesten gokiburi, og er vistnok ganske utbredt... Der stod eg altså, og rørte i gryta:), når eg oppdaga dette udyret på veggen min. Min første reaksjon var å rygge unna, men tenk om tingen bare fortsatte å vandra rundt i huset mitt! Så uhygienisk! Litt ukristeleg kanskje, men monsteret må dø! Eg var på kakkerlakkjakt! Den var heilt umulig å fanga! Rask og utruleg ekkel! Eg foretrekker heller slanger og edderkopper! Dei kravler i det minste ikkje rundt! Etter gjenntate slag med ei tom pappeske klarte eg endeleg å treffe såpass at han ikkje klarte springa så fort. Han havna i vasken, og klarte ikkje koma opp. Og det var enden for min lille husgjest. For alle som lurte, så var den minst 5cm mellom augene, og kunne slukt meg med hud og hår... Håper eg har nokre fryktlause gjester på besøk neste gong ein slik kjem inn. Skummelt!

Rise Up Japan

Fredag 19. var eg, Rut Terese, Ivan, PG og Tabata-san, som er prestelærling i Tezukayama, på konsert med eit koreansk kor. Det var veldig bra musikk, og det var interessant å høyra kjende sanger som Above all og Amazin Grace på japansk:) Dei var veldig flinke å synga, men det kjedelige var dei lange vitnesbyrd/tale innimellom... Når ein stakkars utlending verken kan japansk eller koreansk, så vart 30/40min litt lenge... La musikken tale for seg, seier nå eg! Men det var kjekt når dei sang:) Trur forresten dei fleste som kom alt var kristn. Dei hadde ein forbønnsdel på slutten (nederste bilde), og Tabata-san meinte alle som kom opp og vart bedt for var kristne. Hadde lyst på cd der dei sang på japansk, men dei hadde bare koreanske...

23. sep. 2008

Samandrag av dei to første vekene...

Nå får eg endeleg starta skikkeleg her! Dei første to vekene var for det meste tilvenning til den japanske kulturen (dette kjem eg til å ta resten av året til:). Me var på litt turistplasser den første veka. Onsen (varme kilder) var veldig avslappande, og akvariet er òg verdt ein tur. og for å "toppe" av det heila, så var me på toppen av Osaka sky building, og fekk eit slags overblikk over heile Osakaområdet. Veldig stor by, og mesten uansett kor du skal, så tek det ein time å koma dit... AkvariebilderBrennmaneterOsaka sky buildingFrå venstre:PG(Per Gunnar), Rut Terese, meg og Ivan

Bokstavane mine:)

æææææøøøøøåååååååå!!!!!!! Oi, her virka plutseleg alle bokstavane mine igjen! Eg har ikkje rørt ein ting, og så plutseleg fungere alt som dæ ska:)

17. sep. 2008

Naa har eg vore i Japan i 2 veker allerede. Tia har gaatt fort, og eg har saa vidt starta med arbeidet eg skal gjer:) Har endelig faatt meg internett i huset mitt (maatte legga inn japansk internett paa dataen min, noko som er grunnen til mangelen paa ae, o, aa. Alle tastane mine har vorte der dei japanske er, og eg veit ikkje heilt kor alle teikna mine er blitt flytta hen:( Finner vel ut av det etter kvart, men har forelobig problemer nar eg skal logga meg paa) Det vil koma litt innlegg etter kvart om kva eg har gjordt dei forste to vekene