30. mai 2009

17 mai

Me feira 17 mai i Kobe. Det regna, så me gjekk ikkje i tog, og lekene blei flytta innendørs... Ganske heimakoselig med veret:P Me var vel ca 40stk, og det var ganske kjekt. Vestlandet tapte mot Austlandet i tautrekking T_T :( Fekk både pølser og is:)

27. mai 2009

Komentarer...

Eg lurer på om noen har sett att på linja nederst i kvart innlegg, så er det til høgre ein plass der det står: 0 komentarer. Det hadde vore veldig kjekt om nokon kunne tatt på seg å forandre på dette... Ein liten... eller stor... oppgradering hadde vore flott:P Greit å høyra litt kva andre synes òg:D Bare t pynt:P

Norge

Var ein liten tur til Norge i begynnelsen av mai. Hadde både dåp og konfirmasjon, så eg tenkte eg kunne koste på meg ein tur. Hadde det veldig kjekt, men irriterte både familie og venner med japanske reaksjoner og utrykk (eeeeeh... er det mest brukte). Fekk gå til Preikestolen for første gang:) Meg og Jonathan. Eg var fadder:) Konfirmanten... Marit på Preikestolen

24. mai 2009

Hanami II

Mens mor og Torodd var her, var det sakurablomstring (sakura=kirsebær). Japanere blir heilt tullete over trær som blomstrer, og sakuraen er det aller største. Da har gjerne firmaer ein fridag, og har piknik under blomstene. Ganske livlig med så mange millioner mennesker som har piknik på ein gong... Firma på tur... Veldig typisk med den blåe preseninga. Alle tek bilde... igjen...

23. mai 2009

Besøk frå Norge

I begynnelsen av april hadde eg besøk av mor og lillebroren min Torodd, i halv annen veke. Eg hadde anledning til å leke turist, og må tilstå att eg utnytta situasjonen fullt ut. Veret var flott (utanom dei første to dagane, då regna det...), temperaturen var oppe i 28 grader på det varmeste, og me fekk vera innom dei fleste store turistplassene i området (og litt utanfor òg). Me var i Hiroshima, Nara, Iga, Kobe, to dager i Kyoto, og Osaka Castle. Må nok innrømme at eg klarte å slite dei ut ganske bra. Torodd på Miyajima utanfor Hiroshima. Denne dagen regna det... Iga er kjend for å vera ein ninjaby. Den ligger ute på landsbygda, og det var mykje fredeligare her enn dei andre plassene me var. Eg har blitt peppra med spørsmål sidan dei kom, om alt frå grunnen for lokale skikker til kva det stod på skilta (dei trudde eg var mykje betre i japansk en eg er. Kan mesten ingen kanji, så reklameskilt er vanskelig) Her var spørsmåla om jordbruk... ... Iga. Mor tar bilde... igjen... Nara. Anglikansk kyrkje, bygd i tradisjonell tempelstil.

Oppdatering

Nå er det lenge sidan sist eg har skrevet noko her. Det har vore ganske travelt for meg, og eg har ikkje tatt meg tid til å legge ut noko, så nå blir det ei lita oppdatering om kva eg har gjordt i det siste...