24. nov. 2008

Kid's Club

To gonger i månaden er det Kid's Club på Mukonoso, der eg bur. Då kjem det frå 2-10 unger, og me syng og fortel bibelhistorie. Etterpå enten lager me noko eller har litt snacks. Denne lørdagen fortalte me historien om David og Batseba (sist gong var Jona), og laga potetkaker etterpå. Kan tru det vart mjøl overalt! Men ungane hadde det kjekt, og maten smakte godt.BibelfortellingNyter velfortjent mat

10. nov. 2008

Rokko barnefestival

I det siste virker det som om det er festivaler eller basarer over alt her. I løpet av oktober/november har eg vore på basar både i Mukonoso, der eg bur, og i Tezukayama, der PG bur. Eg har vore på skulefestivalane til Kangaku og Seiwadai, og nå til slutt på Rokko barnefestival (som vart ein blanding av japansk basar, og festival...) I Rokko teikna eg portrett (japansk: nigaoe), og "hjalp" til med matsalg sånn på si... I utgangspunktet skulle eg teikne ungane, men det vart litt vaksne og... Mot slutten var eg omringa av ein skokk med ungar som ville sjå på når eg teikna. Det kom ganske mange innom, både til gudstenesten først, programmet som ungane hadde, og folk som bare stoppa for å få seg litt mat. Ungar og vaksne koste seg, trass i kulda (ein god del av oss stod ute, og orda "samui desu ne" vart godt brukt. Kaldt, ikkje sant.) Ein flott dag med masse kjekt.

1. nov. 2008

Skulefestivaler

Her i Japan er skulefestivaler ein stor ting, og involverer mykje arbeid. Dei forskjellege klubbane har stands der dei sell mat, eller dei har utstilling av arbeid, eller framfører på scene. Eg har vore på festivalane til begge skulane eg arbeider på (arbeider=snakker, inviterer til møte, hjelper med engelsk). Det største universitetet har anntageleg godt over hundre klubber (nokre med 80-100 medlemmer), og festivalen deira varer i 3 dager. Det andre universitet sin varte bare ein dag. Det er ein litt mindre skule. Ein dag er vistnok det vanlege for vid.gåande skular og nedover òg. Veldig kjekt å gå rundt og sjå. Åt masse god mat:DMunnspill-klubbenBlivende barnehage/førskulelærere danser (skal være disneyfigurer)Liten prosent av matstands...Pandayaki... lappeting m. fyll (min hadde sjokofyll, men det vanligaste er bønnefyll...)