10. nov. 2008

Rokko barnefestival

I det siste virker det som om det er festivaler eller basarer over alt her. I løpet av oktober/november har eg vore på basar både i Mukonoso, der eg bur, og i Tezukayama, der PG bur. Eg har vore på skulefestivalane til Kangaku og Seiwadai, og nå til slutt på Rokko barnefestival (som vart ein blanding av japansk basar, og festival...) I Rokko teikna eg portrett (japansk: nigaoe), og "hjalp" til med matsalg sånn på si... I utgangspunktet skulle eg teikne ungane, men det vart litt vaksne og... Mot slutten var eg omringa av ein skokk med ungar som ville sjå på når eg teikna. Det kom ganske mange innom, både til gudstenesten først, programmet som ungane hadde, og folk som bare stoppa for å få seg litt mat. Ungar og vaksne koste seg, trass i kulda (ein god del av oss stod ute, og orda "samui desu ne" vart godt brukt. Kaldt, ikkje sant.) Ein flott dag med masse kjekt.

Ingen kommentarer: