17. des. 2008

Miyajima

På turen til Hiroshima tok me Shinkansen fram, var på Miyajima å såg tempelet som står i vatn, og så var me på a-bomb museet. Det var veldig kjekt å sjå dette tempelet, men turen vart litt lenger en me hadde tenkt. Odd Bjarne fant plutseleg ut at det gjekk an å gå opp på toppen av fjellet på øya, så då tenkte me "jaja, kaffor ikkje", å la ivei mot nevnte topp:) Problemet mitt var bare det at eg hadde fått beskjed frå ulikt hold å ta på meg godt med klær, for det kunne bli kaldt! Riktignok tok me taubanen opp, men me gjekk frå den eine toppen, og opp på den andre, å så heilt ned igjen... Eg var ikkje akkurat kald, nei!... Men det var veldig kjekt, og trim skal visstnok vera ein fin ting:) Og utsikta var fantastisk!Det huset mellom der er der me tok taubanen til, og bilde er tatt frå den andre toppen, å så har du ein ganske bra dal imellom...Odd Bjarne med kamera

1 kommentar:

Ingrid Marie sa...

Ser ut som du får oppleve litt av kvart der i Japan :)Kjekt å følge med deg! Ønsker deg ei riktig god jul! :) Klem!