25. feb. 2009

Hanami I

Dette er første del av x anntal hanami-innlegg. Hanami er japansk for å stirre på blomster, noko japanere gjer med aller største innlevelse. Akkurat nå er det plommetrea som står i blomst, men ettersom våren kjem vil nok andre tre slå følge. Eg var med PG, Therese og Ivan til Osaka castle for å beskue underet, og vart like betatt av japanerane som av dei vakre blomstene. Litt merkeleg var det nok òg å kjenne blomsterlukt i kulda (var litt forkjøla så nesa virka ikkje heilt, men eg lukta då litt...) Her er nokre av inntrykka eg fekk...Osaka castleJapanere fotograferer......og maler...Kor mange fotografer sneik seg med på dette bilde, tru?

21. feb. 2009

Huset mitt

Før eg kom til Japan fekk eg høyra at eg skulle bu i eit lite hus bak kyrkja. Då fekk eg dette bilde i hode av eit bitte lite hus, mellom svære skyskrapere. Sidan eg er i Japan og greier... Huset mitt. Ikkje akkurat trengt opp imellom skyskrapere...Stua mi. Bordet som drukner i teppet er mitt nyinnkjøpte kotatsu. Det har ein liten ovn under bordplata, så eg holder meg god og varm under der.KjøkkenLite vaskerom. Meir eller mindre ute. Kaldt...Her er oppvasken min. Det er tak over, så den kan henge ute sjølv om det regner. Ellers har eg bad og soverom. Eg bor egentleg ganske svært for ein person:)