31. des. 2008

Før jul fant dei ut at taket på huset mitt var dårleg og trengde oppussing, så dei satte i gang med å rive opp taket mitt. Dei starta sånn i halv 8-tia, men for ein stakkars ettåring som for det meste har kveldsarbeid, så var dette tidligt nok. Eg har høyrt at når dei fjerna takplatene, så datt bare resten saman... Var nok på tide å fikse opp litt her,ja. Eg har visst òg hatt ein liten leigebuar. Ein ilder hadde visstnok tatt bolig under taket mitt, men eg har ikkje høyrt noko til han sidan dei vart ferdige, så han har nok flytta nå. Ellers må eg bare sei att dei var forhaldsvis effektive, desse arbeidarane. Eg var bare utan tak i 4 dager. På grunn av mangel på isolasjon, kan eg sei det at eg kjende ikkje noko forskjell på varmen inne i huset når taket var av. Takk til den som fann opp varmeovner:) Her er taket mitt

17. des. 2008

Miyajima

På turen til Hiroshima tok me Shinkansen fram, var på Miyajima å såg tempelet som står i vatn, og så var me på a-bomb museet. Det var veldig kjekt å sjå dette tempelet, men turen vart litt lenger en me hadde tenkt. Odd Bjarne fant plutseleg ut at det gjekk an å gå opp på toppen av fjellet på øya, så då tenkte me "jaja, kaffor ikkje", å la ivei mot nevnte topp:) Problemet mitt var bare det at eg hadde fått beskjed frå ulikt hold å ta på meg godt med klær, for det kunne bli kaldt! Riktignok tok me taubanen opp, men me gjekk frå den eine toppen, og opp på den andre, å så heilt ned igjen... Eg var ikkje akkurat kald, nei!... Men det var veldig kjekt, og trim skal visstnok vera ein fin ting:) Og utsikta var fantastisk!Det huset mellom der er der me tok taubanen til, og bilde er tatt frå den andre toppen, å så har du ein ganske bra dal imellom...Odd Bjarne med kamera

Hiroshima

For ei stund sidan var eg på tur til Hiroshima. Er du på besøk i Japan, så vil eg annbefala å ta ein tur innom a-bomb museet der. Det gjorde inntrykk, og bare det å sjå kor stort område som vart gjevna med jorda verkeleg er, er ein opplevelse i seg sjølv. Verkeleg verdt ein tur! Før atombomba Etter atombomba

3. des. 2008

Haustfarger

Nå har det vore haust her ei god stund, men i det siste kan ein kjenne at vinteren nærmer seg. 10c har aldri vore så kaldt før, og eg begynner å sjå verdien i eit godt isolert hus... Eg har gjordt som dei innfødte, og reist land og strand rundt, for å sjå blad i ulike farger og størrelser. 3 veker på rad har eg farta rundt i "nærområde" (kan ein time kvar vei reknast som nærme?) for å studere fenomenet betre kjend som hausten. Her er bilder frå Minô og Kyoto. Turen til Nara kjem seinare...