16. mars 2009

Misjonærer på tur!

Dette misjonærmøte reiste både NMS- og frikirkemisjonærane på tredagers tur til Sasayama. Dette er det mest ute på landet eg har vore i Japan, og ein veldig fin opplevelse. Maten var herlig, bad i onsen (varm kilde) var nydelig, og eg slo Nathan i shogi (japansk sjakk). Det var greit å koma seg litt vekk frå det vante gjenge, og ut i verda... igjen... meir... eller noko... :)Kjekker en vanleg sjakk, men fremdeles litt kjedeleg heilt i begynnelsen. Eg vil heller at ting skal skje litt fortere, og det er begrensa med mulige trekk i begynnelsen. (derfor liker eg igo betre, men det er ikkje så mange som speler det, sjølv her i Japan)Hmm.. lurer på kor på dette kartet me er nå? :P

25. feb. 2009

Hanami I

Dette er første del av x anntal hanami-innlegg. Hanami er japansk for å stirre på blomster, noko japanere gjer med aller største innlevelse. Akkurat nå er det plommetrea som står i blomst, men ettersom våren kjem vil nok andre tre slå følge. Eg var med PG, Therese og Ivan til Osaka castle for å beskue underet, og vart like betatt av japanerane som av dei vakre blomstene. Litt merkeleg var det nok òg å kjenne blomsterlukt i kulda (var litt forkjøla så nesa virka ikkje heilt, men eg lukta då litt...) Her er nokre av inntrykka eg fekk...Osaka castleJapanere fotograferer......og maler...Kor mange fotografer sneik seg med på dette bilde, tru?

21. feb. 2009

Huset mitt

Før eg kom til Japan fekk eg høyra at eg skulle bu i eit lite hus bak kyrkja. Då fekk eg dette bilde i hode av eit bitte lite hus, mellom svære skyskrapere. Sidan eg er i Japan og greier... Huset mitt. Ikkje akkurat trengt opp imellom skyskrapere...Stua mi. Bordet som drukner i teppet er mitt nyinnkjøpte kotatsu. Det har ein liten ovn under bordplata, så eg holder meg god og varm under der.KjøkkenLite vaskerom. Meir eller mindre ute. Kaldt...Her er oppvasken min. Det er tak over, så den kan henge ute sjølv om det regner. Ellers har eg bad og soverom. Eg bor egentleg ganske svært for ein person:)

23. jan. 2009

Snø?

Snø er mangelvare her i området, så derfor gjorde me som alle andre byboere. Viss snøen ikkje vil koma til Astrid, så må Astrid reise til snøen! I begynnelsen av januar reiste eg, Odd Bjarne, Rut Therese og Ivan for å bestige Mount Kongo, eller Kongo-san, som lokalbefolkninga kaller det... Me var litt bekymra for regn på vei bort, men det viste seg å snø i plassen for... å lykke! Som dei hardføre nordmennene me er, avslo me tilbudet om å kjøpe brodder, og gjekk på med godt mot. Smal bratt sti? Ikkje problem! Men me tok den sikre veien ned. (og angra litt på at me ikkje hadde kjøpt brodder, for dette gjekk glatt) Flott tur, og endeleg litt vinterfølelse (ellers er det kaldt, regn, elller begge deler...)Rut Therese og Odd Bjarne. Viktig å følge stien:)Denne jakken er veldig praktisk for alle som skal finna meg. Lyser veldig fint opp mellom alt det svarte, grå, beige, brune, og ellers nøytrale fargane japanere har på vinterklærne sine:) Rotete og usamanhengane innlegg ferdig!

18. jan. 2009

Nytt år

Sidan eg er litt treg av meg, så kjem nyttårsoppdateringa i midten av januar... Men, men, eller som dei seier i Japan "Sho ga nai" (ikkje noko å gjer med det). Nyttår her er, som jula heime, ein familieting. Då bruker dei tid med familien, et nyttårsmat, og besøker tempelet. Og forresten, fyrverkeri er ein sommerting... Så kva skal ein stakkars ettåring gjer? Svar: Reise på nyttårsbesøk! Eg, Rut Therese og Ivan reiste den "lange" veien til Hanan, litt sør for Osaka, for å besøke Odd Bjarne (tok bare ca 1,5-2t med tog. relativt passe tid her). Åt god mat, og gjekk litt turer.Fra venstre:Ivan, Rut Therese og Odd Bjarne Herligt å gå tur ved sjøen. ikkje muligt der eg bur... Blåste veldig òg:)

31. des. 2008

Før jul fant dei ut at taket på huset mitt var dårleg og trengde oppussing, så dei satte i gang med å rive opp taket mitt. Dei starta sånn i halv 8-tia, men for ein stakkars ettåring som for det meste har kveldsarbeid, så var dette tidligt nok. Eg har høyrt at når dei fjerna takplatene, så datt bare resten saman... Var nok på tide å fikse opp litt her,ja. Eg har visst òg hatt ein liten leigebuar. Ein ilder hadde visstnok tatt bolig under taket mitt, men eg har ikkje høyrt noko til han sidan dei vart ferdige, så han har nok flytta nå. Ellers må eg bare sei att dei var forhaldsvis effektive, desse arbeidarane. Eg var bare utan tak i 4 dager. På grunn av mangel på isolasjon, kan eg sei det at eg kjende ikkje noko forskjell på varmen inne i huset når taket var av. Takk til den som fann opp varmeovner:) Her er taket mitt

17. des. 2008

Miyajima

På turen til Hiroshima tok me Shinkansen fram, var på Miyajima å såg tempelet som står i vatn, og så var me på a-bomb museet. Det var veldig kjekt å sjå dette tempelet, men turen vart litt lenger en me hadde tenkt. Odd Bjarne fant plutseleg ut at det gjekk an å gå opp på toppen av fjellet på øya, så då tenkte me "jaja, kaffor ikkje", å la ivei mot nevnte topp:) Problemet mitt var bare det at eg hadde fått beskjed frå ulikt hold å ta på meg godt med klær, for det kunne bli kaldt! Riktignok tok me taubanen opp, men me gjekk frå den eine toppen, og opp på den andre, å så heilt ned igjen... Eg var ikkje akkurat kald, nei!... Men det var veldig kjekt, og trim skal visstnok vera ein fin ting:) Og utsikta var fantastisk!Det huset mellom der er der me tok taubanen til, og bilde er tatt frå den andre toppen, å så har du ein ganske bra dal imellom...Odd Bjarne med kamera