23. jan. 2009

Snø?

Snø er mangelvare her i området, så derfor gjorde me som alle andre byboere. Viss snøen ikkje vil koma til Astrid, så må Astrid reise til snøen! I begynnelsen av januar reiste eg, Odd Bjarne, Rut Therese og Ivan for å bestige Mount Kongo, eller Kongo-san, som lokalbefolkninga kaller det... Me var litt bekymra for regn på vei bort, men det viste seg å snø i plassen for... å lykke! Som dei hardføre nordmennene me er, avslo me tilbudet om å kjøpe brodder, og gjekk på med godt mot. Smal bratt sti? Ikkje problem! Men me tok den sikre veien ned. (og angra litt på at me ikkje hadde kjøpt brodder, for dette gjekk glatt) Flott tur, og endeleg litt vinterfølelse (ellers er det kaldt, regn, elller begge deler...)Rut Therese og Odd Bjarne. Viktig å følge stien:)Denne jakken er veldig praktisk for alle som skal finna meg. Lyser veldig fint opp mellom alt det svarte, grå, beige, brune, og ellers nøytrale fargane japanere har på vinterklærne sine:) Rotete og usamanhengane innlegg ferdig!

18. jan. 2009

Nytt år

Sidan eg er litt treg av meg, så kjem nyttårsoppdateringa i midten av januar... Men, men, eller som dei seier i Japan "Sho ga nai" (ikkje noko å gjer med det). Nyttår her er, som jula heime, ein familieting. Då bruker dei tid med familien, et nyttårsmat, og besøker tempelet. Og forresten, fyrverkeri er ein sommerting... Så kva skal ein stakkars ettåring gjer? Svar: Reise på nyttårsbesøk! Eg, Rut Therese og Ivan reiste den "lange" veien til Hanan, litt sør for Osaka, for å besøke Odd Bjarne (tok bare ca 1,5-2t med tog. relativt passe tid her). Åt god mat, og gjekk litt turer.Fra venstre:Ivan, Rut Therese og Odd Bjarne Herligt å gå tur ved sjøen. ikkje muligt der eg bur... Blåste veldig òg:)

31. des. 2008

Før jul fant dei ut at taket på huset mitt var dårleg og trengde oppussing, så dei satte i gang med å rive opp taket mitt. Dei starta sånn i halv 8-tia, men for ein stakkars ettåring som for det meste har kveldsarbeid, så var dette tidligt nok. Eg har høyrt at når dei fjerna takplatene, så datt bare resten saman... Var nok på tide å fikse opp litt her,ja. Eg har visst òg hatt ein liten leigebuar. Ein ilder hadde visstnok tatt bolig under taket mitt, men eg har ikkje høyrt noko til han sidan dei vart ferdige, så han har nok flytta nå. Ellers må eg bare sei att dei var forhaldsvis effektive, desse arbeidarane. Eg var bare utan tak i 4 dager. På grunn av mangel på isolasjon, kan eg sei det at eg kjende ikkje noko forskjell på varmen inne i huset når taket var av. Takk til den som fann opp varmeovner:) Her er taket mitt

17. des. 2008

Miyajima

På turen til Hiroshima tok me Shinkansen fram, var på Miyajima å såg tempelet som står i vatn, og så var me på a-bomb museet. Det var veldig kjekt å sjå dette tempelet, men turen vart litt lenger en me hadde tenkt. Odd Bjarne fant plutseleg ut at det gjekk an å gå opp på toppen av fjellet på øya, så då tenkte me "jaja, kaffor ikkje", å la ivei mot nevnte topp:) Problemet mitt var bare det at eg hadde fått beskjed frå ulikt hold å ta på meg godt med klær, for det kunne bli kaldt! Riktignok tok me taubanen opp, men me gjekk frå den eine toppen, og opp på den andre, å så heilt ned igjen... Eg var ikkje akkurat kald, nei!... Men det var veldig kjekt, og trim skal visstnok vera ein fin ting:) Og utsikta var fantastisk!Det huset mellom der er der me tok taubanen til, og bilde er tatt frå den andre toppen, å så har du ein ganske bra dal imellom...Odd Bjarne med kamera

Hiroshima

For ei stund sidan var eg på tur til Hiroshima. Er du på besøk i Japan, så vil eg annbefala å ta ein tur innom a-bomb museet der. Det gjorde inntrykk, og bare det å sjå kor stort område som vart gjevna med jorda verkeleg er, er ein opplevelse i seg sjølv. Verkeleg verdt ein tur! Før atombomba Etter atombomba

3. des. 2008

Haustfarger

Nå har det vore haust her ei god stund, men i det siste kan ein kjenne at vinteren nærmer seg. 10c har aldri vore så kaldt før, og eg begynner å sjå verdien i eit godt isolert hus... Eg har gjordt som dei innfødte, og reist land og strand rundt, for å sjå blad i ulike farger og størrelser. 3 veker på rad har eg farta rundt i "nærområde" (kan ein time kvar vei reknast som nærme?) for å studere fenomenet betre kjend som hausten. Her er bilder frå Minô og Kyoto. Turen til Nara kjem seinare...

24. nov. 2008

Kid's Club

To gonger i månaden er det Kid's Club på Mukonoso, der eg bur. Då kjem det frå 2-10 unger, og me syng og fortel bibelhistorie. Etterpå enten lager me noko eller har litt snacks. Denne lørdagen fortalte me historien om David og Batseba (sist gong var Jona), og laga potetkaker etterpå. Kan tru det vart mjøl overalt! Men ungane hadde det kjekt, og maten smakte godt.BibelfortellingNyter velfortjent mat