28. sep. 2008

Hjelp! MONSTER!

Onsdagskveld, mens eg laga middag, fekk eg uønska husbesøk. Lokalt heiter denne gjesten gokiburi, og er vistnok ganske utbredt... Der stod eg altså, og rørte i gryta:), når eg oppdaga dette udyret på veggen min. Min første reaksjon var å rygge unna, men tenk om tingen bare fortsatte å vandra rundt i huset mitt! Så uhygienisk! Litt ukristeleg kanskje, men monsteret må dø! Eg var på kakkerlakkjakt! Den var heilt umulig å fanga! Rask og utruleg ekkel! Eg foretrekker heller slanger og edderkopper! Dei kravler i det minste ikkje rundt! Etter gjenntate slag med ei tom pappeske klarte eg endeleg å treffe såpass at han ikkje klarte springa så fort. Han havna i vasken, og klarte ikkje koma opp. Og det var enden for min lille husgjest. For alle som lurte, så var den minst 5cm mellom augene, og kunne slukt meg med hud og hår... Håper eg har nokre fryktlause gjester på besøk neste gong ein slik kjem inn. Skummelt!

Ingen kommentarer: