27. mai 2009
Komentarer...
Eg lurer på om noen har sett att på linja nederst i kvart innlegg, så er det til høgre ein plass der det står: 0 komentarer. Det hadde vore veldig kjekt om nokon kunne tatt på seg å forandre på dette... Ein liten... eller stor... oppgradering hadde vore flott:P Greit å høyra litt kva andre synes òg:D
Bare t pynt:P
Norge
Var ein liten tur til Norge i begynnelsen av mai. Hadde både dåp og konfirmasjon, så eg tenkte eg kunne koste på meg ein tur. Hadde det veldig kjekt, men irriterte både familie og venner med japanske reaksjoner og utrykk (eeeeeh... er det mest brukte). Fekk gå til Preikestolen for første gang:)
Meg og Jonathan. Eg var fadder:)
Konfirmanten...
Marit på Preikestolen
24. mai 2009
Hanami II
23. mai 2009
Besøk frå Norge
I begynnelsen av april hadde eg besøk av mor og lillebroren min Torodd, i halv annen veke. Eg hadde anledning til å leke turist, og må tilstå att eg utnytta situasjonen fullt ut. Veret var flott (utanom dei første to dagane, då regna det...), temperaturen var oppe i 28 grader på det varmeste, og me fekk vera innom dei fleste store turistplassene i området (og litt utanfor òg). Me var i Hiroshima, Nara, Iga, Kobe, to dager i Kyoto, og Osaka Castle. Må nok innrømme at eg klarte å slite dei ut ganske bra.
Torodd på Miyajima utanfor Hiroshima. Denne dagen regna det...
Iga er kjend for å vera ein ninjaby. Den ligger ute på landsbygda, og det var mykje fredeligare her enn dei andre plassene me var. Eg har blitt peppra med spørsmål sidan dei kom, om alt frå grunnen for lokale skikker til kva det stod på skilta (dei trudde eg var mykje betre i japansk en eg er. Kan mesten ingen kanji, så reklameskilt er vanskelig) Her var spørsmåla om jordbruk... ...
Iga. Mor tar bilde... igjen...
Nara. Anglikansk kyrkje, bygd i tradisjonell tempelstil.
Oppdatering
Nå er det lenge sidan sist eg har skrevet noko her. Det har vore ganske travelt for meg, og eg har ikkje tatt meg tid til å legge ut noko, så nå blir det ei lita oppdatering om kva eg har gjordt i det siste...
1. apr. 2009
Sumo
Her borte blir det bare meir og meir travelt, men innimellom har eg likevel tid til å få med meg både det eine og det andre av lokale skikker og merkverdigheter. Denne gongen var det sumobryting som stod på lista over serverdigheter.
Det å gå på sumokamp er absolutt noko som bør opplevast viss du oppheld deg i Japan over lengre tid, men det er kanskje ikkje nødvendig å vera der frå begynnelsen av... Det held på frå 12-6, og dette er nok litt i lengste laget. Fyrst er det dei ikkje fullt så gode, å så blir dei betre og betre etter kvart, med mesterane på slutten.
Det vart meir folk etter kvart, men det er ein del som kjem frå begynnelsen av. Dei dyraste plassene er heilt framerst, og var alle fylde mot slutten (kunne aldri tenkt meg å sitta der. Tenk om du er så uheldig å få ein 200kg tung mann på deg! Då hadde det ikkje vore mykje igjen av lille Astrid!!) Men forbausande populær sitteplass...
Det var òg ein stor flokk stod utanfor og venta på sumo-san:) Følte meg nesten som ei filmstjerne når eg kom, med folk ståande på begge sider som knipsa bilder. Kjendiser desse her... Sumofolk har visstnok også veldig pene koner...
Sponsorar
Den eine mesteren. Tauet med desse papirstrimlene på er noko ein kan sjå rundt tre og steiner av og til. Markerer hellige ting på shinto-vis. Det var dei to toppbryterane som hadde dette, og fekk meg litt til å tenke på trestubber...
Han her var skikkelig sumo-fan. Kunne ikkje sitte stille, men gjekk rundt og heia som bare ein menn frå kansai kan. Høgrøysta...
16. mars 2009
Misjonærer på tur!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
