23. mai 2009

Besøk frå Norge

I begynnelsen av april hadde eg besøk av mor og lillebroren min Torodd, i halv annen veke. Eg hadde anledning til å leke turist, og må tilstå att eg utnytta situasjonen fullt ut. Veret var flott (utanom dei første to dagane, då regna det...), temperaturen var oppe i 28 grader på det varmeste, og me fekk vera innom dei fleste store turistplassene i området (og litt utanfor òg). Me var i Hiroshima, Nara, Iga, Kobe, to dager i Kyoto, og Osaka Castle. Må nok innrømme at eg klarte å slite dei ut ganske bra. Torodd på Miyajima utanfor Hiroshima. Denne dagen regna det... Iga er kjend for å vera ein ninjaby. Den ligger ute på landsbygda, og det var mykje fredeligare her enn dei andre plassene me var. Eg har blitt peppra med spørsmål sidan dei kom, om alt frå grunnen for lokale skikker til kva det stod på skilta (dei trudde eg var mykje betre i japansk en eg er. Kan mesten ingen kanji, så reklameskilt er vanskelig) Her var spørsmåla om jordbruk... ... Iga. Mor tar bilde... igjen... Nara. Anglikansk kyrkje, bygd i tradisjonell tempelstil.

Ingen kommentarer: