18. juli 2009
Nå har eg vore tilbake i Norge i ei veke, men ligg litt etter her på bloggen. Ville legge ut bilder frå ein tur eg hadde med maleklassen min rett før eg reiste.
Me var 17stk som reiste. E var deffinitivt den yngste (trur ikkje det var nokon under 50 der utanom reiselederen), og ingen utanom læraren kunne noko engelsk! Må ha sett ganske merkelig ut:) Ein gjeng med japanere litt oppi åra, å så ei ung, lys jente frå vesten:)
Me såg på malte papirskyvedører i eit tempel, og når me kom til ryokanen der me skulle overnatte (japansk type hotell), malte me litt. Eller åt me masse god mat, og bada i varm kilde.
Dagen etter var å såg på Hanashobu. Det styrtregna, men blomstene var fine i regnet.
Alle passa godt på meg, og det var veldig kjekk tur. Kan annbefale å reise på tur med japanere;)
1. juli 2009
Yakyuu

2. juni 2009
Dåp
1. juni 2009
Opptaksprøve
Etter at eg kjem tilbake til Norge har eg lyst til å studera kunst på ein eller annen måte. Med dette i tankene har eg sendt inn søknad til Kunstskolen i Rogaland, og har holdt på å lage opptaksoppgavene. På grunn av dette har eg hatt minimalt med fritid, men nå er alt sendt (glemte å ta med karakterane frå Norge, så dei måtte ettersendast...). Her kan alle få sjå resultatet av mine mange timer med arbeid.
To foto. Har photoshoppa litt her.
Manga. Ikkje akkurat proff ennå...
Suibokuga. Japansk maleteknikk eg har lært her. Laga ein mykje finere veka etter eg hadde sendt dette:(
Ellers sendt eg og inn ein blyantteikning av lillesøstera mi, men eg glemte å ta bilde...


30. mai 2009
17 mai
27. mai 2009
Komentarer...
Eg lurer på om noen har sett att på linja nederst i kvart innlegg, så er det til høgre ein plass der det står: 0 komentarer. Det hadde vore veldig kjekt om nokon kunne tatt på seg å forandre på dette... Ein liten... eller stor... oppgradering hadde vore flott:P Greit å høyra litt kva andre synes òg:D
Bare t pynt:P
Norge
Var ein liten tur til Norge i begynnelsen av mai. Hadde både dåp og konfirmasjon, så eg tenkte eg kunne koste på meg ein tur. Hadde det veldig kjekt, men irriterte både familie og venner med japanske reaksjoner og utrykk (eeeeeh... er det mest brukte). Fekk gå til Preikestolen for første gang:)
Meg og Jonathan. Eg var fadder:)
Konfirmanten...
Marit på Preikestolen
24. mai 2009
Hanami II
23. mai 2009
Besøk frå Norge
I begynnelsen av april hadde eg besøk av mor og lillebroren min Torodd, i halv annen veke. Eg hadde anledning til å leke turist, og må tilstå att eg utnytta situasjonen fullt ut. Veret var flott (utanom dei første to dagane, då regna det...), temperaturen var oppe i 28 grader på det varmeste, og me fekk vera innom dei fleste store turistplassene i området (og litt utanfor òg). Me var i Hiroshima, Nara, Iga, Kobe, to dager i Kyoto, og Osaka Castle. Må nok innrømme at eg klarte å slite dei ut ganske bra.
Torodd på Miyajima utanfor Hiroshima. Denne dagen regna det...
Iga er kjend for å vera ein ninjaby. Den ligger ute på landsbygda, og det var mykje fredeligare her enn dei andre plassene me var. Eg har blitt peppra med spørsmål sidan dei kom, om alt frå grunnen for lokale skikker til kva det stod på skilta (dei trudde eg var mykje betre i japansk en eg er. Kan mesten ingen kanji, så reklameskilt er vanskelig) Her var spørsmåla om jordbruk... ...
Iga. Mor tar bilde... igjen...
Nara. Anglikansk kyrkje, bygd i tradisjonell tempelstil.
Oppdatering
Nå er det lenge sidan sist eg har skrevet noko her. Det har vore ganske travelt for meg, og eg har ikkje tatt meg tid til å legge ut noko, så nå blir det ei lita oppdatering om kva eg har gjordt i det siste...
1. apr. 2009
Sumo
Her borte blir det bare meir og meir travelt, men innimellom har eg likevel tid til å få med meg både det eine og det andre av lokale skikker og merkverdigheter. Denne gongen var det sumobryting som stod på lista over serverdigheter.
Det å gå på sumokamp er absolutt noko som bør opplevast viss du oppheld deg i Japan over lengre tid, men det er kanskje ikkje nødvendig å vera der frå begynnelsen av... Det held på frå 12-6, og dette er nok litt i lengste laget. Fyrst er det dei ikkje fullt så gode, å så blir dei betre og betre etter kvart, med mesterane på slutten.
Det vart meir folk etter kvart, men det er ein del som kjem frå begynnelsen av. Dei dyraste plassene er heilt framerst, og var alle fylde mot slutten (kunne aldri tenkt meg å sitta der. Tenk om du er så uheldig å få ein 200kg tung mann på deg! Då hadde det ikkje vore mykje igjen av lille Astrid!!) Men forbausande populær sitteplass...
Det var òg ein stor flokk stod utanfor og venta på sumo-san:) Følte meg nesten som ei filmstjerne når eg kom, med folk ståande på begge sider som knipsa bilder. Kjendiser desse her... Sumofolk har visstnok også veldig pene koner...
Sponsorar
Den eine mesteren. Tauet med desse papirstrimlene på er noko ein kan sjå rundt tre og steiner av og til. Markerer hellige ting på shinto-vis. Det var dei to toppbryterane som hadde dette, og fekk meg litt til å tenke på trestubber...
Han her var skikkelig sumo-fan. Kunne ikkje sitte stille, men gjekk rundt og heia som bare ein menn frå kansai kan. Høgrøysta...
16. mars 2009
Misjonærer på tur!
25. feb. 2009
Hanami I
21. feb. 2009
Huset mitt
Før eg kom til Japan fekk eg høyra at eg skulle bu i eit lite hus bak kyrkja. Då fekk eg dette bilde i hode av eit bitte lite hus, mellom svære skyskrapere. Sidan eg er i Japan og greier...
Huset mitt. Ikkje akkurat trengt opp imellom skyskrapere...
Stua mi. Bordet som drukner i teppet er mitt nyinnkjøpte kotatsu. Det har ein liten ovn under bordplata, så eg holder meg god og varm under der.
Kjøkken
Lite vaskerom. Meir eller mindre ute. Kaldt...
Her er oppvasken min. Det er tak over, så den kan henge ute sjølv om det regner.
Ellers har eg bad og soverom.
Eg bor egentleg ganske svært for ein person:)
23. jan. 2009
Snø?
Snø er mangelvare her i området, så derfor gjorde me som alle andre byboere. Viss snøen ikkje vil koma til Astrid, så må Astrid reise til snøen!
I begynnelsen av januar reiste eg, Odd Bjarne, Rut Therese og Ivan for å bestige Mount Kongo, eller Kongo-san, som lokalbefolkninga kaller det... Me var litt bekymra for regn på vei bort, men det viste seg å snø i plassen for... å lykke!
Som dei hardføre nordmennene me er, avslo me tilbudet om å kjøpe brodder, og gjekk på med godt mot. Smal bratt sti? Ikkje problem! Men me tok den sikre veien ned. (og angra litt på at me ikkje hadde kjøpt brodder, for dette gjekk glatt) Flott tur, og endeleg litt vinterfølelse (ellers er det kaldt, regn, elller begge deler...)
Rut Therese og Odd Bjarne.
Viktig å følge stien:)
Denne jakken er veldig praktisk for alle som skal finna meg. Lyser veldig fint opp mellom alt det svarte, grå, beige, brune, og ellers nøytrale fargane japanere har på vinterklærne sine:)
Rotete og usamanhengane innlegg ferdig!
18. jan. 2009
Nytt år
Sidan eg er litt treg av meg, så kjem nyttårsoppdateringa i midten av januar... Men, men, eller som dei seier i Japan "Sho ga nai" (ikkje noko å gjer med det).
Nyttår her er, som jula heime, ein familieting. Då bruker dei tid med familien, et nyttårsmat, og besøker tempelet. Og forresten, fyrverkeri er ein sommerting...
Så kva skal ein stakkars ettåring gjer? Svar: Reise på nyttårsbesøk! Eg, Rut Therese og Ivan reiste den "lange" veien til Hanan, litt sør for Osaka, for å besøke Odd Bjarne (tok bare ca 1,5-2t med tog. relativt passe tid her). Åt god mat, og gjekk litt turer.
Fra venstre:Ivan, Rut Therese og Odd Bjarne
Herligt å gå tur ved sjøen. ikkje muligt der eg bur... Blåste veldig òg:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)